Siri Brekke sine arbeid har eigenskap av å vere både dekorative og funksjonelle. Dei har eit klart språk om kva dei er og korleis dei kan brukast.
Fata tek utgangspunkt i avstøypingar av former som born leikar med i sandkassa. Desse vert nytta vidare i nye samanstillingar, alle med eit individuelt preg. Tema er frukt og bær og ho freistar å gjere motiv, dekor, farge og form til eit heile.
Hennar dreia arbeid har og eit element av natur i seg. Ofte har dei eit trykk som ho sjølv står bak, desse er då ofte henta frå fotografi av trer, greiner og andre plantar.
Av andre arbeid kan ein nemne skåler i porselen som alle har individuelle trykk som forsterkar den transparente karakteren til porselenet.
Desse arbeida kan du finne i handel hjå Galleri Format i Bergen og Oslo
samt ved Hå Gamle prestegard.
DIVERSE