Mennesket har eit behov for å setje spor etter seg. Mine arbeid tek ofte utgangspunkt i ein fascinasjon for overgangen mellom det to- og det tredimensjonale. Eg arbeider mykje med den oppslemma leira som er i eit stadium mellom flytande og plastisk. Denne vert ekstrudert og dannar strekar som eg teiknar, skriv og bygger med. I fyrste omgang er streken knytt til eit underlag og opptrer som relieff, men etter kvart som leita turker kan den flyttast frå dette underlaget og vert frittståande skulpturelle arbeid. Eg er interessert i ulike måtar å fortelje noko på der graden av det tydelege endrar seg. Alle handlingar har sitt eige språk og kvart materiale formidlar noko om opphav, gjennomgått prosess og vidare potensiale.

www.dhs.museum.no

 

 


DEI HEIBERGSKE SAMLINGAR- SOGN FOLKEMUSEUM

Kaupanger, September 2005