2.Hand
Med utgangspunkt i Fretex sitt generøse samarbeid viste eg tre arbeid som alle besto av fleire tallerkenar og med verdas matsituasjon som tema.
Tableware stories
Tallerkenar, glasur, sepia-trykk
Arbeidet består av engelsk tableware med klassiske motiv frå bondeliv og borgerskap. Som ein ekstra dimensjon har eg latt det britiske folket få uttale seg om verdas matsituasjon. Utsegna er henta frå diverse engelske diskusjonsfora på internett.
Tittelen på arbeidet er eit engelsk idiom som på norsk kan oversetjast med å være svært forskjellig. I Being Worlds Apart, som består av fleire tallerknar av ulike storleikar, er det teikna eit verdskart i gull. Tallerkenane i dette arbeidet fann eg i sorteringsprosessen hjå Fretex der dei var satt til side for eksport. Det er både norsk-produsert industriporselen og kinaprodusert gods. Istadenfor at dei fysisk er sendt ut i verda utgjer dei no ein del av ei gylden verd.
GALLERI VOX
Sommar 2008
www.gallerivox.no