EIT SLAGS PARADIS
Brekke presenterer 11 verk i materiala steingods og porselen.
Utgangspunkt for val av motiv er hennar interesse for sanselege opplevingar knytt til årstider og syklusar i livet; sommar, haust, vinter og vår. Smak, lukt og taktilitet; prosessen frå bløming til frukt, og vidare assosiasjonar.
Arbeida er fat for frukt, fontener, blomstrande greiner med meir. Brekke nyttar seg gjerne av trompe l’oeil (lure øyet)-effekten som i kunsthistoria er kjent frå malerkunsten i barokken, og er meint å gi et synsbedrag. Arbeidet har for Brekke et element av leik i seg. Store deler av hennes keramiske produksjon tek utgangspunkt i avstøyping av former som barn leiker med i sandkassen. Ho nyttar desse vidare i nye samanstillingar, alle med et individuelt preg.
KUNSTNERFORBUNDET, Oslo
Mai 2007